NK 77II – HORNINDALEN

Vinnende bud: kr 38

Denne auksjonen har automatisk budgivning.

Frimerkeauksjon #206-96

Studer bildene

Informasjon fra Postmuseet

HORNINDALEN (Ref#: 4829 , Kilde: KulturNav)

HORNINDALEN - se REED I NORDFJORD

---------

REED (Ref#: 9820 , Kilde: KulturNav)

REED i Nordfjord er i "Forklaring til Pontoppidans kart 1785" nemnt postopneri. I posthistoria er stadnamnet nemnt frå 1787 som RE (I KIRKEHORNE). I ei fortekning 1808 over poststader som då fekk nytt segl grunna kongeskifte (Christian VII døydde Frederik VII tok over), står namnet REED I NORDFJORD, i ruta mellom Molde og Bergen. Ved Kgl.res. 12.1.1841 kom ei avgjerd om at postopneriet Reed (Kirkehorne i Re) skulle leggjast ned.

Ein timesetel frå 1834/35 er skriven under av P. Thorsen Reed, ein annan frå same tid av R. O. Kirkehorn. Det kan tyde på at det har vore 2 poststasjoner nær kvarandre (Reed og Kirkehorn). Båe var truleg av privat art.

REED vart ifylgje ein eldre postopnarprotokoll oppretta att som brevuttakarstad frå 14.7.1859, og vart seinare lagd ned.

Brevuttakar:
Arne Pedersen Reed.
Lars Rassmussen Hole/eller Gaasemyr frå 15.10.1865.

Den årlege brevuttakarløna var i 1859 12 Spd./48 kr.


HORNINGDAL I NORDFJORD poståpneri, i Eid prestegjeld, Sønd- og Nordfjord fogderi, under Bergen postkontor, vart oppretta ved Kgl.res. 5.10.1848 med verksemd frå 1.2.1849. Namnet skulle vera KIRKEHORNE eller HORNINGDAL I NORDFJORD, og namnet HORNINGDAL vart valt (under Bergen postkontor). Sirk. 3, 15.1.1849.

Postopneriet vart frå 1.7.1909 lagt under Nordfjordeidet postdistrikt. Sirk. 32, 23.6.1909.

Namnet vart frå 1.7.1918 endra til HORNINDAL. Sirk. 31, 25.6.1918.

Ved skiping av nye poststadgrupper vart postopneriet frå 1.11.1973 nemnt underpostkontor, Sirk. 41, 31.10.1973, og fekk frå 1.1.1977 status av postkontor C, Sirk. 35, 10.12.1976.

Ved omorganisereing av postnummersystemet frå 1.3.1999 fekk postkontoret HORNINDAL nytt postnr 6763. Samstundes fekk postboksadressatane under postkontoret 6763 HORNINDAL tildela postnr 6761.

Poststaden hadde fyrst 3-rings kassasjonsstempel nr 126 og fekk datostempel av ein-rings type med steinskrift bokstavar i 1859.

(6790) / 6763)
Postopnarar/styrarar:
Rasmus Olsen Kirkehorn 1.2.1849 (tidlegare postopnar ved Reed/Kirkehorn).
Kyrkjesongar K. Kirkhorn 15.6.1869.
Lensmann Magnus Rasmussen Kirkhorn i 1885 (f. 1839).
Gardbr. og heradskass. Paul K. Kirkhorn frå 27.11.1906, fast 1.10.1907 (f. 1872).
Knut Johnsen Ytrehorn 15.3.1939 (f. 1907).
Ole Petter Aarskog 1.4.1967 (f. 1937).

Den årlege løna var i:

1849 1872 1874 1877 1880 1886 1890 1898 1905 1910 1913 1914
Kr 48 64 80 100 160 180 260 400 450 500 600 650
Spd. 12 16 20

Postopnaren fekk og frå 1.7.1917 eit millombels dyrtidstillegg med 50% av løna.

---------