Uvanlig stempel. Grad 6.
Frimerkeauksjon #206-98
NK 247 – RØVÆR
Vinnende bud: kr 34
Uvanlig stempel. Grad 6.
Denne auksjonen har automatisk budgivning.
Informasjon fra Postmuseet
RØVÆR (Ref#: 10371 , Kilde: KulturNav)
RØVÆR postopneri vart oppretta ved Kgl.res. 20.1.1887 med verksemd frå 1.7.1887 i postruta mellom Haugesund og Utsire. Poststaden låg i Skaarø herad, Ryfylke fogderi, under Haugesund postdistrikt. Sirk. 17, 6.7.1887.Ved etablering av nye grupper av poststader blei postopneriet frå 1.11.1973 nemnt underpostkontor, Sirk. 41, 31.10.1973, og fekk seinare status av postkontor C, Sirk. 35, 10.12.1976.
Ved omgjering av postnummersystemet frå 1.3.1999 fekk postkontoret RØVÆR nytt postnr 5549.
Datostempel av 2-rings vanleg type blei sendt til RØVÆR i 1888.
(5517 / 5549)
Postopnere/styrare:
Osmund Gautesen 1.7.1887.
Aasa Gautesen 13.11.1899.
Landh. Sivert Mæøand 1.10.1917 (f. 1877, døydde 4.5.1945).
Bertha Mæland millombels frå 5.5.1945, fast 15.7.1945 (f. 1885).
Telefonstyrar Karsten Alstasæther 1.7.1958 (f. 1924).
Einar Meinich Brynjelsen vikar frå 16.9.1985, fast frå 1.12.1987 (f. 1926).
(?) (?) (?)
Den årlege postopnerløna var i 1887 kr 50,-, i 1895 kr 240,- og i 1903 kr 340,-. Postopneren fekk og nokre tillegg for fisketida i åra 1900 -- 1912.
Frå 1.7.1917 blei det gjeve eit millombels dyrtidstillegg med 50% av løna då.
---------
RØVÆR (Ref#: 10372 , Kilde: KulturNav)
RØVÆRDen fyrste poststaden RØVÆR vart oppretta i 1848 for årleg verksemd i tida 1.1.--15.3. Poststaden låg i Søndre Bergenshus og Stavanger amt. Sirk., 29.11.1847.
"Kgl.res. 17.11.1847 bestemmer at det frå mai til 15.mars kvart år tils vidare skal befordrast kvar veke bipost mellom Vahlen postopneri og Fjelberg prestegjeld om Haugesund og Skudenæs til Stavanger, med sideruter til Stordøen, Brandesund, Espevær og Røvær, og at postopnare skal tilsettjast, mellom anna i Røvær. Den tidlegare biposten mellom Vahlen i Fjelberg og Stordøen skulle då leggjast ned".
Poststaden RØVÆR og bipostruta Haugesund -- Røvær vart lagde ned ved Kgl.res.4.2.1850. Dept.-Sirk. 27.2.1849.
Den årlege løna vart i 1847 fastsett til å vere 2 Spd., men det er ikkje funne noko om kven som ordna posten.
Dette RØVÆR er ikkje nevnt i portotakstar eller postforteknelser og er såleis ikkje å rekne som fast og offentleg postopneri.
---------